skip to Main Content
Kommunesamarbeid  Om  Kraftsaker  I  Telemark

Kommunesamarbeid om kraftsaker i Telemark

Møte 30.01.2018

Ordførarane i dei 8 kommunane  som er partar i konsesjonskraftavtala i Telemark – Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord sette ned ei arbeidsgruppe for å arbeide vidare med utgreiing kring etablering av kommunesamarbeid om kraftsaker i Telemark (i møte 31.10.2017).

På møtet i oktober 2017 vart det mellom anna trekt fram at forhandlingane om regionreform mellom Telemark og Vestfold vil kunne påvirke dagens avtale. Arbeidsgruppa tok derfor  initiativ til møte med sentrale representantar forhandlingsutvalet i Telemark Fylkeskommune for å diskutere saka.

Utgangspunktet for kommunane: vi vil sikre verdiane som kjem frå noverande geografiske Telemark, tilfaller det samme området, og fylgjer dei etablerte retningslinene for bruk når fylkeskommunane sjåast saman.

Desse var på møtet 30. januar 2018: 

  • Sven Tore Løkslid, fylkesordførar Telemark
  • Evy-Anni Evensen, fylkesrådmann Telemark
  • Hans Edvard Askjer, fylkesvaraordfører Telemark
  • Terje Riis Johansen, Telemark Fylkeskommune
  • Bjørn Sverre S. Birkeland, ordførar Tinn
  • Jon Rikard Kleven, ordførar Vinje
  • Jarand Felland, ordførar Tokke
  • Halvor Homme, ordførar Nissedal
  • Rune Lødøen, rådmann Tinn
  • John Kleiv, rådmann Tokke
  • Terje Bakka, dagleg leiar i konsesjonskraftstyret
  • Ole Dalen, utviklingsleiar Vest-Telemarkrådet

Videre arbeid

Vidare vil ein sjå på mogleg endring på dagens avtale mellom kommunane og Telemark fylkeskommune, og utforme eit notat som greier ut kva som er grunnlaget for dagens avtale og som også kan minne om dei historiske linene og intensjonen bak konsesjonskraftlovgjevinga i Noreg. Det vil framover være tett kontakt mellom arbeidsgruppa/kommunane og delegasjonen frå Telemark som er deltek i fellesnemda knytt til temaet.

 

Back To Top