skip to Main Content
Disposisjon  For  Digitalisering  I  Vest-Telemark

Disposisjon for digitalisering i Vest-Telemark

3. januar var det møte i Rådmansutvalet med møtestad Seljord.

Sakslista var som følger:

  1. Digitalisering
  2. Velferdsteknologi v/Sissel
  3. NAV i Vest-Telemark. Drøfting med T. Tønnessen
  4. Møteplan 2018

Disposisjon for digitalisering i Vest-Telemark

Ole Dalen i Vest-Telemarkrådet la fram disposisjon for samarbeid med digitalisering i Vest-Telemark. Det vart vedteken av saka videre skal opp i Vest-Telemarkrådet og seinare også opp til politisk handsaming i kommunane. Dokumentet med disposisjonen med vedlegg kan lastas  ned her.

Kjøreplan for vidare arbeid:

Dato Oppgave
3. januar Sak i rådmannsutvalet
30. januar Møte i AU – sak til VTR
13. februar Handsaming i Vest-Telemarkrådet
13. februar Godkjenning frå styret i Rådet for tilsetting (sjå delegeringsreglement for VTR)
Ultimo april Kommunane har forplikta* seg til å delta i arbeid med felles med digitalisering
1. mai Tidspunkt for utlysing av stilling
1. september Tiltreding av stilling knytt til digitalisering i Vest-Telemark

 

Besøk av pressa

Besøk av VTB, Kari Smeland

For fyrste gong i RU fekk vi besøk av pressa. Kari Smeland frå Vest-Telemark Blad var med i møtet, og var særleg opptatt av saka knytt til NAV i Vest-Telemark.

Kari har budd i Oslo i 10 år, og vart tilsett i Vest-Telemark Blad i september, og har flytt tilbake til heimbygda si Kviteseid. Etter ein prat på gangen, røper ho at ho har vore med på fleire av treffa mellom utflytta Vest-Telemark for nokon år tilbake på det såkalla «Vest-Telemarktreffet».

NAV – 5 kontor er stort nok!

I dialog med rådmennene, uttaler Terje Tønnessen at det er avgjerande å ha større einingar om ein skal få tildelt oppgåver og få være med i den vidare utviklinga. Han uttaler også at valg av hovudlokasjon ikkje er avgjerande for NAV, og at ei samling med 5 kommunar også vil kunne definerast som «eit myndig NAV-kontor» og slik få tildelt oppgåver i framtida. Han maner videre til at ein finn ei løysing for alle seks kommunane, og legg til at ein ikkje vil «få sitte med bordet» i framtida om ein vel å oppretthalde strukturen med NAV-kontora slik dei er i dag.

Seljord

Terje Tønnessen (til venstre) frå NAV Telemark var i dialog med rådmennene i Vest-Telemark i møtet 3. januar 2018.

NAV-saka er tenkt som sak i formannskapet 18. januar, med vidare drøfting i kommunestyre 1. februar. Påfølgande møte i Seljord kommune er 10. april.

Vidare prosess i Vest-Telemark: Lokalisering fyrst! 

Det er naturleg at kommunane får diskutere saka i felles fora. Neste møte i Arbeidsutvalget før møte i Vest-Telemarkrådet er  30. januar. Her fastsettast saksliste før møte i VTR er 13. februar.

 

Back To Top