skip to Main Content
Vest-Telemarktinget 5. desember 2017.

Den 5. desember var det møte i Vest-Telemarktiget. Eit viktig møte med fleire formelle saker som handsaming av budsjett, delegeringsreglement og arbeidsprogram for 2018-2019.

Kvart andre år, og fyrste gong på 18 år.

Avtroppande og påtroppende regionordqførar i møtet 5. desember 2017.

Bytte av regionordførar, og regionvaraordførar, skjer kvart andre år. Frå 2016 og fram til no har Erik Skjervagen vore regionrådsleiar i Vest-Telemarkrådet, og Jon Rikard Kleven har vore regionvaraordførar. Frå og med 5. desember 2017 er den nye regionordføraren er Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune, medan Jarand Felland er vald som regionvaraordførar.

Kjell Gunnar Heggenes vart takka for trufast teneste i 18 år.

Etter 18 år i trufast teneste, har Kjell Gunnar Heggenes vald å gå av med pensjon. Han har før dette jobba 22 år i Telemark Bilruter (tidlegare Vest-Telemark Bilruter), og har no hatt 40 år i tenesta i Vest-Telemark.

Kjell Gunnar vart takka av avtroppande regionordførar Erik Skjervagen, og fekk ros av sin lojale og engasjerte innsats for samarbeid og det beste for å utvikle Vest-Telemark som heilskapleg region.

Etter 40 år som pendler frå Bø til Vest-Telemark, er han glad for at han hadde «sola i ryggen» både på veg til jobb, og på vegen heim til Bø – der han har vore busett dei fleste av sine yrkesaktive år.

Den nye regionrådsleiaren Anne Aasmundtveit overtar etter Kjell Gunnar Heggenes 1. januar 2018, som kjem frå jobben som dagleg leiar i kulturhuset Granvin i Seljord kommune.

 

Back To Top