skip to Main Content
Lokal  Mat  I  Fjellområda  –  Rapport  Frå  Arbeid  Med  Lokalmatkontor

Lokal mat i fjellområda – rapport frå arbeid med lokalmatkontor

Seint i juli 2017 var det skipa til møte for å sjå på mobilisering av lokalmatprodusentane i fjellområda. Bakgrunn for at Vest-Telemarkrådet var kalla inn på møtet var mellom anna innmeldinga i Fjellnettverket.

Overskrifta for møtet var:

Hvordan få til verdiskaping for mat – og opplevelser basert på potensialet som ligger i verdensarvstatus, nasjonalparkkommunestatus og fjellregionstatus?

Her er møtenotat 28.06.2017.

Mandat for videre arbeid

I møte 4. juli vart det utformat mandat for videre arbeid, der ein peika på viktigheten for langsiktig forutsigbar finansiering for å starte opp eit slikt arbeid. Målet var å ha finansiert planleggingsarbeid/forprosjekt til november 2017.

Rapport frå LiT

Det føreligg prosjektrapport frå arbeid med å etablere lokalmatkontor i samarbeid med Dyrsku´n. Prosjektrapporten gjev eit kunnskapsgrunnlag og ein retning for eit vidare arbeid med ein heilskapleg utvikling av mat- drikke og matrelatera spesialitetar frå Telemark. Rapporten legg vekt på kva som finnast av produksjon, sals- og marknadsapparat og distribusjonsløysingar i dag og kva framtidsbehov og moglegheiter som vert skildra frå fleire involvera. Det er samla inn informasjon av både kvalitative og kvantitative data om emnet så langt prosjektliinga har sett som behov i denne fasen av prosjektet. Rapporten visar at det er både potensiale og utfordringar knytt til ei auka satsing på samhandling og felles utvikling i fylket.

Last ned rapporten her: 98. Lokalmatkontor – Prosjektrapport forprosjekt LiT

 

 

Back To Top