skip to Main Content
Næringshage  Og  Utvikling  I  Kommunene  –  Besøk  Fra  Russland

Næringshage og utvikling i kommunene – besøk fra Russland

18. Oktober fikk vi besøk av Nataliya Tsikoriya, Avdelingssjef, departement for økonomisk utvikling, Kaluga-region i Russland. Hun hadde følge med Tom Marius Holen, som er kommunikasjonsrådgiver i Telemark Fylkeskommune.

Bakgrunnen for møtet er at TFK pleier hver høst å få besøk av noen fra Russland gjennom KS i forbindelse med presidentprogrammet. I år får vi besøk av Nataliya Tsikoriya, Avdelingssjef, departement for økonomisk utvikling, Kaluga-region, som tok turen til Vest-Telemark etter besøk verdensarven på Rjukan/Notodden 17. oktober med overnatting på Gaustablikk. Hensikten med møtet var å fortelle Nataliya om vårt regionale samarbeid, og korleis vi jobber med Byregionprogrammet i vår region.

 

Program i VT 18. oktober:

10:30-11:00 Informasjon om VT-regionen og ByR (Ole) og Telemark næringshage (Thomas),

11:00-11:40 Lunsj – se folka, prate med Peter

12:00-12:30 Møte Frid – plansjef i Seljord.

 

Som avdelingssjef i departementet for økonomisk utvikling jobber Nataliya Tsikoriya med:

·         Tilsyn og kontroll av bedrifters virksomhet i regionen.

·         Forsker på og utvikler metodologi for effektiv tilsyn/kontroll.

Det hun ønsker å lære mer om:

·         Tilsyn og kontroll i norske kommuner og fylkeskommuner; hvordan regionale myndigheter hjelper kommuner til å følge regelverket. Ønsker å lære om dette på en mest mulig konkret måte.

·         Hvordan reduserer man byråkrati og administrative barrierer.

·         Ønsker kontakt med både lokale/regionale myndigheter og bedrifter.

 

Presentasjon av regionen

Ole Dalen fortalte om senterstrukturen i Telemark, og om korleis fleirkjærnestrukturen er basis for ByR programmet og satsinga på næringshagar i regonen.

Presentasjonen kan lastast ned her.

 

 

 

Presentasjon av Telemark Næringshage

Thomas Berstad fortalte om korleis Telemark Næringshage til byr tenester, og korleis ein skil på næringshagemiljø og tenesta som SIVA-næringshagen tilbyr.

Presentasjonen kan lastast ned her.

«Der magien skjer»

Peter i NC-spectrum

Mange melder tilbake at lunsjen som møteplass er ein sucessfaktor. Her fekk Nataliya møte Peter frå NC spectrum, som opphaveleg er frå Russland. Dette var til stor hjelp for å få litt meir nyansert informasjon om korleis næringshagen opplevast for dei som jobber der.

Presentasjon av Seljord kommune – planarbeidet

På bildet:
Nataliya Tsikoriya (Kaluga i Russland), Tom Marius Lorier Holen (TFK) og Frid Berge (Seljord).

Etter lunsj reiste følge til Seljord kommune, og fekk møte plansjef Frid Berge. Ho la fram korleis kommunen jobber med plan, og samanhengen mellom langsiktige planar og årlege handlingsplanar med budsjett handsamast i kommunane. Her var det særlig interessant å presentere kommunens store makt med tanke på prioriteringar og bruk av pengane som vert tildelt gjennom rammetilskot og overføringar frå staten.

Litt om Kaluga-regionen

Vi fekk greie på at Kaluga-regionen har mange liknande utfordringar som Vest-Telemark, der det er store avstandar og ikkje særleg tett befolka. Vi kom også inn på infrastruktur, der ho meldte at det var bygd mykje vegar dei siste åra. Dette hadde ført til auka næringsetablering frå Murmansk, og meldinga frå næringslivet var at dette var avgjerande for deira etablering og vekst.

Kaluga regionen ligg rundt 170 km frå Moskva, og dei nytta Moskva mykje til både handel og kulturopplevingar. Natalia fortalte at dei kunne kjøre til Moskva på 1,5 til 2 timar om det ikkje var mykje trafikk, og derfor opplevde dei ikkje avstanden som stor.

Tilbake til Russland på lørdag

Vi takker for besøket, og ynskjer Nataliya Tsikoriya til god tur heim på lørdag.

Back To Top