skip to Main Content
Møte  I  Vest-Telemarkrådet  10.  Oktober  2017

Møte i Vest-Telemarkrådet 10. oktober 2017

Stad:        Kommunehuset Treungen

Dato:        Tysdag 10. oktober 2017

Kl. slett:   09.30

 

Vest-Telemarkrådet skal i dette møtet handsame forslag til budsjett 2018, forslag til arbeidsprogram for 2-årsperioden 2018 – 2019 samt forslag til møtekalender for 2018.

I tillegg ligg det føre forslag til justert budsjett 2017.

Vidare får Rådet nærare orienteringar om Telemark Næringshage, Vannregion Agder samt oppdatering omkring bompengefinansieringa av Rv 36 mellom Bø og Seljord.

Rådet skal også drøfte nye utfordringar for regionen i samband med mogleg omorganisering av domstolane i Kviteseid samt tollsatsar som er kritiske for hjørnesteinsbedrifta Telemark Kildevann AS i Fyresdal.

Vi minner om representantskapsmøtet i Vest-Telemark PPT same dag kl 14.00.

 

Vel møtt i Treungen 10. oktober !

 

Innkalling og saksdokument

Dokumenta ligg i toppen av nettsida under «saksdokument», eller du kan du laste dei ned her: Saksdokument til rådsmøte 10. oktober 2017

 

Back To Top