skip to Main Content
Dialogmøte  ATP  I  Telemark

Dialogmøte ATP i Telemark

Telemark fylkeskommune gjennomførte dialogmøte knytt til ATP sin handlingsdel for 2019-22 på Bø hotell 5. september.

Samlinga var leia av Lene Hennum, som jobber i Areal og transportavdelinga i Telemark fylkeskommune.

ATP

ATP står for Areal og Transportplan, og er ein strategisk overordna plan for Regional plan for samordna areal- og transport for Telemark 2015-2025.

Bakgrunn

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid innleia samlinga knytt til ATP i Telemark 2019-2022

Møte vart innleia av fylkesordførar Sven Tore Løksli, og er eit ledd av ein lenger prosess, der dette møtet ivaretar medverknad for handlingsplanen for 2019-2022. Fylkesordføraren understrekte at rolla fylkeskommunen har er å styrke kommunanes arbeid med å gjere kommunane attraktive og bærekraftige, og dei har rolla som pådrivar og leiar av felles arbeid innanfor areal og transport i heile fylket.

Prosessen med strategiar og handlingsplanar

Dei overordna strategiane har handlingsplanar med investeringsprogram, og desse før handlingsplanen vert sendt på høring og vidare til endeleg politisk vedtak som gjennomførast.

Punkt i prosessen: medverknad

Overordna strategiar

  • Satse på hovudferselsårer
  • Trygging av skulevegar
  • Styrke kollektivknutepunkt
  • Effektivisere transportsystemet
  • Styrke byar og tettstader

Handlingsplanen

Handlingsplan med investeringsprogram, har ein varighet på 4 år. Tiltaka er organiserte etter dei overordna strategiane som gjeld frå 2015-2025. Regional plan for samordna areal- og transport for Telemark kan du sjå her: Regional plan for Samordna areal- og transport for Telemark 2015-25

Gjeld også stadsutvikling

Areal og transportplan gjeld også bruk av areal, og korleis kommunane ynskjer å utvikle sine tettstadar og prioritere bruk av areal. Statens vegvesen ved Gro Rønningen peika på viktigheten av gode planar frå kommunane, som vert grunnlag for planlegging av infrastruktur og mellom anna veg og hovudferdsårer.

Kafedialog

Deltakerliste frå samlinga 5. oktober 2017

Innspel og medverknaden vart praktisk gjennomført gjennom såkalla kafedialog med blanda grupper av dei frammøtte.

Back To Top