skip to Main Content
Onsdag 30. august var regionrådsleiar tilstades under temadag for kommunestyret i Vinje.
Under temaet  «Arena samferdsel Vinje« , var kommunestyret invitert til å kome med innspel til  prioritering innafor riksvegane, fylkesvegane dei kommunale vegane, samt innafor gang/sykkelveg.
Etter innleiande orienteringar frå  Tore Kaurin Statens vegvesen, Ole Martin Haukland Telemark fylkeskommune samt teknisk sjef i Vinje Åge Verpe, vart det gjennomført gruppearbeid der gruppene utarbeidde forslag til prioriteringar innafor dei ulike vegkategoriane.
Innspela viste stor grad av samanfall. Det kan til dømes nemnast at alle gruppene signaliserte høg prioritet på nye Haukeli-tunnelar og utbetring av parsellane Kjeringdalen og Vinje kyrkje på E134.
Møtet var eit godt initiativ frå Vinje kommune, og vil ha betydning i arbeidet med handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan for perioden 2018 – 2021/23.
Back To Top