skip to Main Content
Rådsmøte  22.  August  På  Morgedal  Hotell

Rådsmøte 22. august på Morgedal Hotell

Det er tid for haustens fyrste rådsmøte 22. august. Møtet haldast på «nye» Morgedal Hotell, med møtestart kl 09:30.

På møtet 22. august skal Vest-Telemarkrådet mellom anna handsame sak om organisering av næringsarbeidet i regionen. Styre/leiing i Vest-Telemark Næringsbygg/Vest-Telemark Næringsutvikling er invitert til møtet i samband med denne saken.
Vidare skal Rådet ha nærare drøftingar omkring lokalisering av mattilsynet samt problemstillingar i samband med barnehageplass/skuleplass i andre kommunar.

På dagsorden står også ei rekkje orienteringar, mellom anna ny organisering av nødmeldingstenesten, prosess rundt Nasjonal Transportplan 2018 – 2029 og etablerertenesten med fleire.

Vi ynskjer vel møtt til eit nyopna Morgedal Hotell 22. august !

Innkalling med saksdokument kan de laste ned under «saksdokument» øverst i menyen, eller klikke på lenka her.

Back To Top