skip to Main Content
Halvårsrapporten med statistikk over etablerarar i Vest-Telemark er klar.
 

Flest frå Kviteseid og Vinje

Til no er det størst pågong frå Vinje (18) og Kviteseid (24), og ein har kontaktpunkt med mange ulike problemstillingar, slik det også har vore tidlegare år for etablerertenesta.

Vi ser at fram til no har det vore ein større pågang enn tidlegare år, og dette kan ha mange forklaringar, utan at vi har klare svar på dette no. Det er heilt klart mest aktivitet dei fyrste månandane i året, og seinare er det kortare mellom kvar etablerarsak.

Få næringsfaglege vurderingar

Tidlegare har såkalla «Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar» vore mykje nytta teneste av etablererkontoret i Vest-Telemark.

Fakta om Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar

Forskrift om dagpengar under arbeidsløyse av 26. november 1996 § 5-1 tredje ledd fastset at ein dagpengemottakar som søkjer om å få behalde dagpengar under etablering av eiga verksemd, ikkje kan få søknaden avgjort av NAV før det er innhenta ei næringsfagleg vurdering av etableringsplanane frå fylkeskommune eller kommune, evt. annan fagleg kompetent instans.

I Vest-Telemark gjennomfører Etablererkontoret i Vest-Telemark slike saker. Ei næringsfagleg vurdering bør som eit minimum innehalde:

  • vurdering og konklusjon i spørsmålet om aktuelt prosjekt kan ventast å gjere stønadsmottakar sjølvforsørgjande.
  • vurdering og konklusjon med omsyn til om det aktuelle prosjektet føreset både ein utviklings- og oppstartingsfase, og kor lange dei ulike fasane bør vere.

Det næringsfaglege organet bør etter eige skjøn vurdere behovet for ytterlegare opplysningar – mellom anna om det er ønskjeleg at søkjaren vert oppmoda om å møte til samtale.

Vurderinga er basert på opplysningar frå skjemaet «Søknad om dagpengar eller arbeidsavklaringspengar under etablering av eiga verksemd», med eventuelle tilleggsopplysningar.

Her er tal per kommune oppdatert i dag 14. august 2017.
Tal på etablerarar i kontakt med tenesta i 2017 Gjennomsnittsalder etablerar
Vinje 18 34
Tokke 7 40
Kviteseid 24 50
Seljord 8 39
Nissedal 7 37
Fyresdal 5 51
Total 69

 

Som alltid: dersom de har spørsmål eller ynskje om fleire/andre data, så er det berre å ta kontakt.
Likeeins om vi kan bistå på andre vis.

 

Mvh

Thomas Berstad
Bedriftsrådgiver
Telemark Næringshage AS
Mob. 469 63 631
Email. thomas@telemarknh.no

 

Meir om etablererttenesta finn du her.

Back To Top