skip to Main Content

Etter to år med satsinga  «ByR i Vest-Telemark», har det lykkast regionen å få midlar på tiltak vi har jobba med i denne perioden. Vi ser at mellom anna fokus på tre og miljø er område det jobbast godt på.

Før sommarferien kunne Fylkesmannen melde at Telemark fekk heile 10% av tildelinga frå den statlege ordninga «Klimasats».

Det dreier seg om to prosjekt i Vest-Telemark:

  • Urbanisering, fortetting og grønt bumiljø i sentrum, fekk 900.000,- kr (Kviteseid)
  • Nettverk for bygg i tre, fekk 275.000,- kr (Fyresdal)

Heile oversiken over tildelinga av miljøkroner til Telemark kan du sjå på Fylkesmannens heimesider her:

https://www.fylkesmannen.no/Telemark/Nyheter/15-millioner-til-klimatiltak-i-Telemark/

Godt samarbeid over tid fører fram

Styringsgruppa som jobber med ByR (By og regonprogrammet i Vest-Telemark) består av ein representant frå kvar kommune:

  • Elisabeth Lid, Kviteseid
  • Edvard Nesland, Fyresdal
  • Gunhild Austjord, Tokke
  • Asbjørn Storrusten, Seljord
  • Hildegunn Rønningen, Nissedal
  • Gry Åsne Aksvik, Vinje

I Vest-Telemarkrådet er det Ole Dalen som jobber som prosjektleiar (PL) og koordinerer arbeidet i Vest-Telemark.

 

Back To Top