skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet er med i Fjellnettverket etter søknad i mai 2017. Som eit ledd i dette samarbeidet er det peika på trong for fokus på temaet «Bærekraftig lokalmat og reiseliv i Fjell-Telemark.

Møte 28. juni

Mål med eit felles samarbeid i fjell-Telemark vil være å syte for auka omsetning for næringslivet – både innanfor lokalmatproduksjon og reiseliv.

Deltakerane på møtet 28. juni var:

Jørund A. Ruud (TFK), Gro Hommo (Lega), Stine Lunde (IN), Bob Gottschal (Fylkesmannen i Telemark), Heidi Jønholt (TFK), Jan Myrekrok (Vinje),  Stefan Langfors (Hjartdal), Oddmund Olesrud (Tinn), Thor Christiansen (Vinje), Aud Irene Kittelsen (Vinje), Anders Sandvik (Vinje), Dorthe Huitfeldt (Vinje) og Ole Dalen (VTR).

Oppsummering frå møtet

Det er arbeidd mykje på området over mange år, og utfordringane for næringa har vore krevjande og har fortsatt mykje ugjort. Ein ser mellom anna at det er for lite fokus på koplinga mellom lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar i øvre Telemark samanlikna med andre regionar som har lykkast med dette (til dømes Røros og Valdres).

Ein må ha ei stabil organisering og forutsigbar finansiering over tid om ein skal lykkast med utviklingsarbeid. Ein bør jobbe for å skaffe forutsigbar finansiering i eit felles samarbeid på temaet lokalmat og reiseliv i øvre Telemark over tid.

Trong for koordinert fellesarbeid

For å organisere og gjennomføre ei felles satsing er det naturleg å organisere dette gjennom eit prosjekt. Ein planlegg å fylgje denne framdrifta/rekkefølga:

  1. Etablere prosjektorganisering (mandat)
  2. Finansiere planleggingsarbeidet
  3. Forankre mandatet med dei næringsdrivande («påfyllfest»)
  4. Beslutte eventuell gjennomføring (prosjekteigerane)
  5. Gjennomføring av planleggingsarbeidet ( 1 år)

Ein ser for seg at planleggingsarbeidet fører til ei vidare forutsigbar finansiell ramme på 3 år med utviklingsarbeid for næringa.

Eit fellesarbeid blir organisert etter PLP-metoden og peiker ut arbeidsgruppe for å jobbe med dette. VTR vert peika på som «postkasse» og har ansvar for framdrift i dette arbeidet.

Arbeidsgruppe som utarbeider mandat for videre arbeid:

    • Dorthe Huitfeldt, Aud Irene Kittelsen, Oddmund Olesrud, Gro Hommo, Torben Andersen/ Geir Midtbø, Ingrid Fagerberg, Inger Marie Bakås og Ole Dalen.

«Påfyllfest»

Som forankring / grunnlag for oppstart av felles planleggingsarbeid knytt til nærig, skal det gjennomførast eit felles arrangement der næringa og tilretteleggerane møtast med uformelle intensjoner i ein såkalla «påfyllfest». Samlinga skal syte for nettverksbygging og avsjekk med næring og offentleg sektor om ein vil gjennomføre lokalmatsatsing i fjell-Telemark i tråd med utforma mandat og etablert finansiering.

Finansieringskjelder og tilgjengelege ressursar

Arbeidet skal være finansiert før ein går til næringa og inviterer til eit felles samarbeid. Dersom ein opplev at næringa ikkje responderer positivt på dette, skal ikkje arbeidet gjennomførast. Prosjekteigerane er både VT-kommunane (VTR), TFK, Fylkesmannen, IN, Tinn, Hjartdal og næringslivet (både produsentar og reiseliv).

Alle innvolverte partar er potensielle finansieringskjelder/ressursar (økonomisk eller fagleg deltaking), men også andre kjelder er aktuelle i ei vidare satsing. Her vil alle deltakerane ha ei utfordring med å undersøke kva ressursar som er tilgjengelege i ei felles satsing.

Som ein mogleg samarbeidspartnar har ein også Telemarksforsking som FORREGION-satsinga (nettverksmøte og bedriftsbesøk). Kontaktperson: Solveig Svardal, M: 901 80 594.

Etter møte 28. juni, var det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobbe fram forslag til mandat for dette arbeidet.

Møte 4. juli på Rauland Turist

Fjellnettverket har jobba for vediskaping i fjellområda i over 15 år. Det har vore ynskjeleg med ein sterkare regional organisering frå fjell-Telemark for å dra nytte av felles utviklingsmidlar, og i mai i år bidro Vinje kommune til at Vest-Telemarkrådet (VTR) vart medlem i Fjellnettverket. Jørun A. Ruud sitt i styret i Fjellnettverket for TFK.

Deltaking i Gründe Woche er ei triårig satsing i programmet, og tar med to reiselivsprodukt og to lokalmatprodusentar til den årlege messa i Tyskland.

Deltakerane på dagens møte

Deltakerane har lang erfaring innanfor reiseliv og produksjon av lokalmat, og det viktig å få med denne kunnskapen i ei målretta og mest mogleg konkret satsing knytt til lokalmat og reiseopplevingar i fjell-Telemark.

Lokalmatprodusentane i kommunane 

I fleire av kommunane er matprodusentane svært små, og har basert mykje av omsetninga på direktesal med lite interaksjon med øvrig reiseliv. Enkelte kombinerer sal av lokalmat med å tilby lokale opplevingar (til dømes serverer lokalmat på garden).

Verdsarven

Lokalmat knytt til verdsarven er ein naturleg utvikling framover, og ein vil også knytte kontakt med tilgrensande kommunar i dette arbeidet (spesielt Notodden) i tillegg til kommunane som nå er knytt til dette arbeidet.

Mest mogleg handling

Dei næringsdrivande og representantane for det offentlege har mykje kunnskap om kva som er felles utfordringar. Eit felles arbeid må være basert på strukturert innsamling av eksisterande kunnskap og gjennomføring av konkrete handlingsplanar. Det er naturleg å tenke at prosjektet i stor grad er ein personressurs som kan koordinere og bistå næringslivet med å gjennomføre felles utviklingsoppgåver for å oppnå vekst og bærekraftig utvikling.

Marknadsføring – ynskjer å nytte Telemark «T»

For å ha mest mogleg fokus på utfordrande oppgåver, ser næringa seg tent med å nytte fellesprofilen til Telemark «T» ved felles marknadsføring av produkt.

Reiselivsmeldinga og Landbruksmeldinga

Denne satsinga ser ut til å treffe godt i regjeringas melding for reiseliv og landbruk:

God mogen Norge på TV2

Kjendiskokk Wenche Andersen vil gjerne bistå med å lyfte lokalmat frå Telemark. Ho er ein ressurs vi kan knytte til oss i eit videre arbeid.

Marknad

I eit vidare prosjekt må ein sjå kor potensialet for lokalmat er størst. Hyttefolka i Fjell Telemark har betre økonomi enn tilreisande på hotell, og desse personane kjøper gjerne lokalmat i butikkane. Ein må sjå på korleis ein kan levere lokalprodusert mat til denne kjøpesterke og kjøpevillige gruppa. Ein må søkje å etablere lokale marknadsarenaer, og erfaring frå Rauland er at det er godt oppmøte på hausten (haustmarknad). Det er planlagt haustmarknad 2017 i Rauland.

Stilling med arbeidsplan

Arbeidsgruppa ser for seg at fellesprosjektet skal syte for finansiering av 100% stilling som kan jobbe etter årlege handlingsplanar, og bistå næringa med koordinering og gjennomføring av viktig utviklingsarbeid. Ramma for arbeidet må være så dynamisk at ein klarer å tilpasse handlingsplanen til det som er trongen (tilpasningsdyktig prosjekt – behov vil endre seg i løpet av utviklingsperioden).

 

Førebels mandat – 4. juli 2017

Fyrste utkast – mandat
Back To Top