Skjermbilde  2017 06 26  Kl.  14.05.43

Klyngesamarbeid om entreprenørskap i grunnskulen

Piloten i Vest-Telemark

Sluttrapport – entreprenørskap i skulen.

Fyresdal kommune har gjennomført pilot i Vest-Telemark knytt til klyngesamarbeid med dei tri fjellregionane:

  • Nord-Gudbrandsdalen
  • Hallingdal
  • Fjellregionen

Prosjektet var initiert av Østlandsforsking, som også leia prosjektet.

I Vest-Telemark har Edvard Nesland leia den lokale piloten, og det er Gimle skule som har hatt elevar og lærerar med i arbeidet. Ungt Entreprenørskap i Telemark har rettleia og gjennomført arbeidet saman med skulen.

Sluttrapport frå arbeidet til UE kan du laste ned her.

Sluttrapport frå Vest-Telemark

Sluttrapporten frå Fyresdal kommune kan vi mellom anna lese fylgjande:

Status

  • Svært stort engasjement hos både elevar og lærarar på Gimle.
  • Svært god fagleg og praktisk støtte frå Ungt Entreprenørskap Telemark.
  • Svært godt samarbeid med lokalt næringsliv
  • Lite samhandling og kontakt med dei andre regionane i prosjektet
  • Gimle deltok med stor antal bedrifter (10 av 67 totalt) i Telemarksmeisterskapen for elevbedrifter, og fekk svært gode resultat

Gimle deltok med tre bedrifter i SMARTere energi, og hevda seg svært godt i konkurransen

Måloppnåing

For Gimle skule har prosjektet gitt rammer for å kunne innføre entreprenørskap i skulen på ein svært god måte og som har ført til gode resultat. Prosjektet har hatt svært stor betyding for både engasjementet og omfang.

Gimle skule hadde frå tidlegare liten erfaring med entreprenørskapsarbeid i undervisninga. Det blei difor ein krevjande oppstartfase. Skulen skulle gjerne hatt meir tid til å implementere entreprenørskap i undervisningsplanlegginga. På grunn av avgrensa tid, store avstandar osv., har det vore mindre samhandling og kontakt mellom regionane. For å få til dette, og heve heile prosjektet for å få betre måloppnåing, er det viktig å forlenge prosjektet eitt til to til.