skip to Main Content
Rapporten  Frå  Samarbeidsmeteorologen

Rapporten frå samarbeidsmeteorologen

Samarbeidsmeteorolog 2017

Denne veka har me i 9. klasse på Kviteseid skule hatt arbeidsveke, og eg, Gunhild Kvålseth har hatt jobben som samarbeidsmeteorolog i Vest-Telemarkrådet. Å vere ein i samarbeidsmeterolog i Vest-Telemarkrådet gjeng ut på å «ta tempen» på kva ungdomen i Vest-Telemark synast om samarbeidet mellom kommunane.

Dette var vekeplanen

Måndag gjekk med til å finne ut kva eg skulle «ta tempen på», og planleggje. Eg valde å finne ut om ungdomane i Vest-Telemark hadde interesse for eit felles ungdomsråd, og byrja på å lage ei spørjeundersøking på nett, og ei side på facebook som eg kalla: Samarbeidsmeteorolog 2017: Felles ungdomsråd i Vest-Telemark?

Samtidig jobba eg med å planleggje møtet med elevane i Åmot, og spørsmåla til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Eg hadde og eit lite møte med Ylva Nordbø, den tidlegare samarbeidsmeteorologen, for å få nokre tips og inspirasjon.

Tysdag var eg med Kjell Gunnar på pressekonferanse om vegen (E134) mellom Aust og Vest-landet. Pressekonferansa gjekk føre seg i Fyresdal. Eg lærte mellom anna kva Nasjonal Transportplan er, og kvifor det er så viktig at akkurat denne vegen vert bygd så snart som mogeleg.

Onsdag var eg fyrst til Åmot og snakka med elevane i 9.klasse. Dei var veldig lette å snakke til, og eg fekk mykje ut av møtet.

Elevane i Åmot og eg snakka litt rundt temaet «Felles ungdomsråd i Vest-Telemark.»

Elevane tok spørjeundersøkinga etter at eg hadde forklara kva eit ungdomsråd er.

Seinare den dagen reiste me ned til Dalen.

Ole og Kjell Gunnar takka rektoren som skal gå av med pensjon for det gode samarbeidet dei har hatt.

Torsdag avslutta undersøkinga og eg skreiv rapport frå undersøkinga. Klokka 18.30 same kvelden var det kommunestyremøte i Kviteseid. Der snakka eg og fortalde litt rundt kven eg var og kva veka hadde innebera.

Her står eg framfor kommunestyret i Kviteseid, og fortel kva eg har funne ut denne veka.

Eg gav og ei anbefaling. Dette er litt av den: «Det er nok eit ynskje og ei framtid for eit felles ungdomsråd i Vest-Telemark, men fyrst må ungdommane få meir informasjon.» (Det er mogleg å lese meir i rapporten, vedlegg 1)

Veka har vore travel, men veldig innhaldsrik, morosam og spennande. Eg er veldig glad for at eg i arbeidsveka mi, har fått vere samarbeidsmeteorolog i Vest-Telemarkrådet.

 

Vedlegg

vedlegg 1:

Rapport frå undersøkinga:

Last ned rapporten her.

vedlegg 2:

Spørjeundersøkinga:

Her er lenke til spørjeundersøkinga.

 

Back To Top