Kjell  Gunnar

Vest-Telemarkrådet søkjer ny regionrådsleiar

Stillinga som regionrådsleiar blir ledig frå 1. januar 2018. Vi søkjer ein sjølvstendig og utviklingsorientert person med stor arbeidskapasitet og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Søkjar bør ha høgare utdanning og gjerne samarbeidserfaring frå offentleg sektor.

Ein vil også legge vekt på evne til nettverksbygging, utgreiingskompetanse og erfaring frå utviklingsleiing. Søkjar bør ha kjennskap til regionen og Telemark fylke.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Førebu og organisere rådsmøta og gjennomføre vedtak gjort i møta
  • Arbeide aktivt i høve til politikarar i regionen og drive eit aktivt informasjonsarbeid
  • Samspele med rådmannsutvalet
  • Ha ei rolle i høve til andre samarbeidstiltak
  • Prosjekteigarskap av fellesprosjekt – stå som PA eller PL
  • Stå for søknad/organisering/bruk av skjønnsmidlar
  • Budsjett/rekneskap – oppfølging
  • Faste administrative oppgåver:

Dagleg drift

Arbeidsgjevaransvar for tilsette i administrasjonen

Deltaking i aktuelle administrative og politiske møte

Sekretariat for Rådet

Søknader regionale tiltak

Felles etablererteneste i regionen

Informasjon og relasjonsbygging mellom kommunane

Kontakt og samarbeid med eksterne partar som Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Staten, andre regionar og andre kommunar

Særskilt fokus på infrastruktur (veg, bane, breiband), vg skule, næringslivets behov for arbeidskraft, kultur, Telemarkskanalen, annan statleg og fylkeskommunal aktivitet

Tett kommunikasjon med regionordførar, Arbeidsutvalet og Rådet

 

Vi tilbyr konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.

 

Administrasjonen i Vest-Telemarkrådet har kontorstad i Telemark Næringshage i Kviteseid.

For nærare informasjon kan ein kontakte regionordførar/ordførar i Fyresdal kommune, Erik Skjervagen på tlf. 950 36172.

 

Søknad med CV/referanser sendast Erik Skjervagen, Fyresdal kommune, 3870 Fyresdal eller e-post: erik.skjervagen@fyresdal.kommune.no.

Søknadsfrist: 16. juni 2017.

 

Lenker

Finn.no