SONY DSC

Innkalling til Rådsmøte 23. mai 2017

Til ordførarane og rådmennene i kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.

                       Innkalling til rådsmøte

                                 Stad:        Tuftin Fjellgard, Totakvegen 758 Rauland

                                 Dato:        Tysdag 23. mai 2017

                                 Kl. slett:   12.30  (lunsj 11.30)

Vest-Telemarkrådet møtest denne gongen på Tuftin Fjellgard på Rauland. Fyrste del av dagen er sett av til møte i lokaliseringsutvalet i samband med prosjektet rundt vidareutvikling av det interkommunale samarbeidet.

Møtet i Rådet finn stad etter lunsj der ein innleiingsvis vil handsame forslag til medlemsskap i Fjellnettverket, som er eit samarbeidsorgan/politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar. Sekretær Monica Eriksson vil orientere nærare rundt nettverket og arbeidet i dette.

Vidare er Rådet engasjert i samband med strukturendringane og tenestene ved skattekontora, og vil drøfte dette nærare samt eit forslag til uttale.

Rådet vil også ha drøftingar rundt møteopplegg med Telemarksbenken, der det kan vera aktuelt med ”samkøyring” med Telemark fylkeskommune/andre kommunar.

I samband med orienteringssakene vil driftsleiar Elsa Ann Hauglid i Renovest orientere nærare om alternative løysingar for hytterenovasjon i dei 5 kommunane som deltek i ordninga.

Vi minner avslutningsvis om møtet i representantskapet for brannvernsamarbeidet etter rådsmøtet, og ynskjer vel møtt i spanande omgjevnader ved Totak !

 

Venleg helsing

Vest-Telemarkrådet

 

Erik Skjervagen (sign), Regionordførar

Kjell Gunnar Heggenes, Regionrådsleiar

 

Last ned innkalling med saksdokument her.

Saksdokument og referat er å finne på denne nettsida under «saksdokument» (toppmenyen).