skip to Main Content

Saksutgreiing

Lenke med saksutgreiing til møtet 23. mai finn de her.

Sak til lokaliseringsutvalet 23. mai

 

Innkalling til møtet

Til: ordførerane og rådmennene i kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje, + ein representant for HTV og ein representant for HVO for dei samme kommunane.

Møtetid: 23. mai kl 09:30 – 11:30

Møtestad: Tuftin Fjellgard, Totakvegen 758, 3864 Rauland

Agenda:

  1. Tilråding til lokalisering av nye interkommunale samarbeid i Vest-Telemark

 

Lokaliseringsutvalet

Medlemmene i lokaliseringsutvalet er ordførarane og rådmennene i kommunane + HTV og HVO. Utvalet er knytt til arbeidet med lokaliseringsplan for interkommunale samarbeid.

Prosjektet «Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark» er organisert med grupper som har ulike funksjonar. Lokaliseringsutvalet har ikkje hatt møte så langt i prosjektet, og møtet 23. mai har til hensikt å ha ei omforent innstilling til spørsmål om lokalisering for dei fem tiltaka i prosjektet.

I tillegg til forslag til nye samarbeid, ligg også dei etablerte samarbeida i regionen til grunn for saka.

Møtet haldast same dag og stad som møte i Vest-Telemarkrådet, der rådmennene og ordførerane i alle Vest-Telemarkkommunane møter.

 

Meir informasjon om prosjektet

Meir informasjon om prosjektet finn de under «prosjekt» på nettsida. Direkte lenke, trykk her.

Back To Top