skip to Main Content

Storsamlinga på Dalen 19. – 20. april

Bilde frå møte i ByR Vest-Telemark på Dalen Hotell 19. april 2017

Program og deltakerliste

Programmet var delt i to delar, og deltakerane på fyrste del er dei som inngår i deltakerlista.

Program for samlinga 19. – 20. april

Deltakerliste – Storsamling på Dalen 19. april

 

Opphald på historiske på Dalen hotell

Samlinga starta med lunsj onsdag 19. april, og samlinga fekk gleda av å få servert det fyrste måltidet på Dalen hotell for sesongen. Hotellet har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste åra, og den positive utviklinga ser ut til å fortsette i 2017.

Presentasjon frå arbeidspakkene:

Asbjørn Storrusten, leiar i arbeidspakke 1 (WP 1) og WP 5

 

Gunhild Austjord, leiar i  WP 2-3. Presentasjon her.

 

Elisabeth Lid, leiar i WP 4.

 

Edvard Nesland, leiar i arbeidspakke 6 (WP 6). Last ned presentasjonen her.

 

Kommunen sine forventningar og arbeid med næringshagemiljø framover

Kommunane v/ordførar delte status og forventningar til det videre arbeidet.

 

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme fortalte at dei er opptatt av å ha eit godt regionalt fagleg miljø som næringslivet kan nytte, og at mange næringsdrivande i Nissedal er målbedrift i Telemark næringshage i dag. Dei har ingen næringshageprosjekt med offentleg medvirkning, men har private initiativ der fleire næringsdirvande samarbeider med samlokalisering. Det er også planar om eit nytt privat initiativ med utlysing i desse dagar. Alle byggprosjekta er finansiert med privat kapital, mens kommunen ser viktigheten av å stø opp om aktivitet inne i desse miljøa. Det vert derfor skipa seskap for å drive med det dei private verksemdene ikkje har tid til: utviklingsoppgåver og rekruttering for å oppretthalde og utvikle lokalt samarbeidsmiljø.

 

Ordførar i Tokke kommune, Jarand Felland fortalte om planane for ny næringshage tett ved kommunehuset på Dalen. Scana Marel er kjøpt opp av konsernet Brunvoll i molde, og selskapet som er lokalisert med 35 tilsette på Dalen har no fått namnet Brunvoll Marel. Selskapet leverer styringssystem til hurtigbåtar med leveransar i heile verda. Etter endringane i selskapet er planane med etablering av næringshage sett på «vent» – men kommunen er positive, og finansiering frå kommunen og dei nødvendige kommunale planane er på plass. Ein ser også den viktige koplinga mot Vest-Telemark vgs. som også er lokalisert på Dalen. Her er mellom anna Vest-Telemark ressurssenter ein samarbeidspartnar kommunen speler saman med.

 

Formannskapsmedlem og vara for ordføraren, Gunnar Eilefstjønn frå Seljord kommune har jobba med næringsutvikling i Vest-Telemark i ei årrekke. Han drog linene frå oppstarten av VTN, og koplinga med etableringa av AiR på Rauland som vart realisert til trass for ein vanskeleg finansiell oppstart. Han peikar videre på seskapet Vest-Telemark bedriftsforum AS som var ein forløper til dagens Vest-Telemark Næringsforum. Seljord ser at satsinga på næringshagar er veldig bra, og han understrekte at ein må dyrke fram næringsmiljø som har sterke med ulike kompetansefelt. Dei offentlege må jobbe for å stø opp om innhaldet i slike miljø, og Seljord kommune har sett av 1/2 million til drift av næringshagen og utvikling av næringsmiljøet i Seljord næringshage for 2017. Til slutt vart det understreka at ein må jobbe for eit sterkt strategisk samarbeid mellom kommunane på området for å styrke privat næringsutvikling i Vest-Telemark framover.

 

Rådmann i Kviteseid kommune, Øystein Tveit fortalte om næringshagesatsinga i Kviteseid. Kommunen har relativt lang erfaring med næringshage i kommunen, og dei ser at sucsess i nøkkelverksemda NC-Spectrum vil potensiellt gje kommunen ei utfordring framover. Han ser at samarbeidet mellom næringshagane er velfungerande, og det at personar som er knytt til eit selskap i Kviteseid, kan ha kontor i andre næringshagar grunna nærhet til bustad – er eit svært spennande fenomen. Dette tilfører kompetanse til miljøa dei er i – og gjer at den tilsette sjølv kan velje kva bumiljø ein ser på som mest attraktiv. Kviteseid kommune har for tida god kapasitet på barnehage og skule, men har utfordring med å ha nok attraktive bustadar til dei nye tilsette i næringshagen som ofte kjem med «pc og tannkost» og treng ein plass å bu i nærheten til jobben. Ein ser at gode bustadar i sentrum med høg standard er deira hovedutfordring i dag. Kommunen si oppgåve er å legg etil rette, og det er ingen økonomiske motiv bak kommunens deltaking på eigarsida i byggselskap og driftsselkap. Om private skulle ynskje å gå inn i kommunens stad – er dette uproblematisk. Til slutt peika Øystein Tveit på at det kjem direkte spinn-off i kjølevatnet av etableringa av næringshagen som kjem som positive konsekvensar av at ein legg til rette for ny aktivitet i kommunen.

 

Assisterande rådmann i Vinje kommune, Anders Sandvik fortalte om fire ulike satsingar i Vinje kommune for tida: Eit privat initiativ med seks verksemder som såg seg tent med ei samlokalisering i Rauland. Desse ville normalt ikkje ha noko i ein tradisjonell næringshage å gjere, sidan deira aktivitet er innan annlegg og krev større lagerbygg. Dei har mange av dei samme gevinstane, og kommunen har ikkje vore innvolvert i denne etableringa. Det andre prosjektet er knytt til AiR, og saman med Høgskulen i sørøstnorge er også handelshøgskulen i Bergen interessert i eit samarbeid for å utvikle miljøet innanfor helse og utdanning. Det tredje prosjektet er ein kulturnæringshage i Vinje som koplast med «Vinjesenteret» som er under etablering. Her er kunst og museum motoren i eit attraktivt kulturmiljø. Det siste initiativet er ei satsing på samlokalisering av fleire helseretta kontorplassar i Åmot sentrum, som kjem av trong til meir plass på heleshuset – og derfor trong for utviding av kontorplassar. Vinje ser på moglegheten til å kople tverrfaglege nettverk både sosialt, fagspesifisert med mål om å skape sterke utviklingsmiljø. Det er rundt 5000 hytter i Vinje kommune, og ein ser det som svært sansynleg at det er personressursar som vil kunne være interessert i å inngå i konkrete faglege utviklingsmiljø i Vinje, med grunnlag i at dei har ein etablert hytterelasjon til nærmiljøet. Sandvik seier også at Vinje heilt klart ser gevinstar med å spele saman med andre for å skape verdia saman.

 

Næringssjef Edvard Nesland frå Fyresdal kommune la fram presentasjon av Fyresdal næringshage med historie og framtidsutsikter for denne satsinga. Sjå presentasjonen her.

 

Presentasjon frå leverandørane – Asplan Viak

Steinar Onarheim i Asplan Viak presenterte utfallet av rapporten i arbiedspakke 4 som handler om bustadattraktivitet i Vest-Telemark. Rapporten kan du laste ned her.

 

Leverandør for WP 2, 3, 5 og 6 – «Næringshagekonsortiet»

Lill Susan Rognli Vale i Vest-Telemark Næringsutvikling AS (VTNU) er kontaktperson for leveransen som næringshagekonsortiet gjennomfører. Presentasjonen kan du laste ned her. ByR Storsamling enkel

Evaluering

Det er nyttig å få tilbakemelding for å lære av gjennomføring av arrangementet. Om du var med på samlinga 19. og 20. april, er vi glade for tilbakemelding. Lenke til evaluering av samlinga.

Back To Top