Dalen Vt

Møte i Vest-Telemarktinget 25. april

I tråd med vedtektene blir det no kalla inn til møte i Vest-Telemarktinget i kommunestyresalen Tokke kommune, Dalen.

  • Etter handsaming av dei ordinære sakene, legg vi opp til orienteringar om fylgjande tema:
    “Akuttmedisinske tenester”. Klinikksjef ved Sykehuset Telemark HF Frank Waal orienterer om utviklinga innan akuttmedisin i og utanfor sjukehus.
  • Prosjektet “Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark”. Prosjektansvarleg Ketil Kiland saman med administrasjonen orienterer nærare om utgreiingane og den vidare prosessen.

Dalen hotell. Foto henta frå nettsida: www.dalenhotel.no

Lunsj på Dalen Hotell

Etter møtet har vi gleda av å invitere til felles lunsj på Dalen Hotell der vi får servert ”ei smak av Telemark”.
Avslutningsvis minner vi om representantskapsmøta i hhv Renovest kl 13.00 og Vest-Telemark PPT kl 15.00. I likskap med Tinget finn møta stad i kommunestyresalen Tokke kommune.

Vi ynskjer vel møtt på Dalen 25. april !

Innkalling og saksdokumenta kan du laste ned her.