skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet, Haukelivegen AS, Telemark fylkeskommune, NHO Telemark, LO Telemark drøfta i møte 5. april aktuelle innspel til den vidare handsaminga til National Transportplan (NTP). Meldinga til stortinget vart offentleggjort 5. april, og du finn planen på regjeringa sine sider her.

Telemark er ikkje nøgde

Eit samla Telemark meiner at meldinga ikkje fylgjer opp E134 som prioritert aust-vest samband, og vil no arbeide for nye tunnelar over Haukeli inn i fyrste del av planperioden. Slik den ligg føre, er tunnelane lagt til andre del – altså etter 2024.

 

Back To Top