skip to Main Content
Svein Ekre, Liv Sigrun Årlid, Anne Vadder Midtbø, Gunn Siri Årlid, Ingrid Felle, Anne Mette Momrak, Kristi Skare, Sigbjørn Tvitekkja og Ketil Kiland

Som eit ledd i prosjektet der kommunane i Vest-Telemark ser på kva område dei kan få til meir forpliktande interkommunalt samarbeid – er dei tillitsvalde frå kommunane knytt inn som referansegruppe.

Gruppa har peika ut ein hovudtillitsvald (HTV) og eit hovudvernombod (HVO) som deltar i styringsgruppa og lokaliseringsutvalet.

Definisjonen på rolla til ei referansegruppe er henta frå verktøykassa til Innovasjon Norge for omstilling:

Referansegruppe består av ressurspersonersom har sagt seg villig til å gi råd til prosjekt­ organisasjonen. Prosjektleder eller andre prosjekt­ deltakere kan drøfte problemstillinger med en eller ere ressurspersoner samt få råd og veiledning. Gruppen har ingen formell myndighet i prosjektet.

God innvolvering i gruppene
I møtet kom det fram at dei tilsette som er direkte innvolvert i aktuelle endringar – kjenner seg godt ivaretekne i prosessen. Til dømes har alle tilsette som er berørt i gruppa «Økonomi» fått deltatt i felles samling, og har fått snakka saman i grupper. Dei har også fått møte med konsulentane etter oppsummeringa frå dette arbeidet.
Eit forbetringspotensiale frå prosjektleiar si side, er å dele denne kunnskapen med dei tillitsvalde, for dei har hatt liten innsikt i korleis gruppene har jobba – og korleis dei tilsette har vore ivaretekne. I møtet var dei tillitsvalde tilfreds med måten prosessen har vore gjennomført på så langt.
Lite spørsmål til dei tillitsvalde
Dei tillitsvalde har ikkje fått henvendingar knytt til prosessen – noko ein kan sjå på som eit godt tegn. Samstundes er det trong for god informasjonsflyt, og ein ser at også dei tilsette må ta litt ansvar for å finne informasjon om dei ynskjer å oppdatere seg på prosessane som går.
Justert prosesskart
Arbeidet med å finne nye område ein kan få til meir interkommunalt samarbeid på er samansett, og prosessen må være god for å lykkast. I møtet kom det gode innspel på korleis prosessen bør gjennomførast for å lykkast, og dette er skildra i justert prosesskart.
Referat og presentasjon
Referat og presentasjon frå møtet kan de laste ned her:
Back To Top