skip to Main Content
Ålesund  –  Nettverkssamling  22.-23.  Mars

Ålesund – nettverkssamling 22.-23. mars

Styringsgruppa i ByR Vest-Telemark var med på den nasjonale samlinga i regi av Distriktssenteret i Ålesund 22.-23. mars 2017.

Distriktssenteret har lagt ut både filmer og «lysark» fra samlinga, klikk her for å gå rett til sida.

Møte i styringsgruppa

På nettverkssamlingene er det samlet ByR prosjekt fra regioner i hele Norge. Fra Vest-Telemark har vi valgt å kombinere nettverk og faglig input med arbeidsmøter i styringsgruppa, så disse konferansene blir intense arbeidsøkter blandet med mange nye inntrykk. Referatet frå møte i styringsgruppa kan du laste ned her.

Ein tur på stien

Som eit lite avbrekk i programmet 23. mars, tok eg meg ein tur på «trappene» som går opp til turisthytta på ein topp rett over Ålesund by. Det var verdt turen, og det krevde verken niste eller turutstyr for å gjennomføre.

Prosjektledersamling 21. mars

Opplegget i ByR nettverket er slik at prosjektlederane har eigne fagsamlingar i forbindelse med nettverkssamlingane. Desse skjer ofte i forkant- eller etterkant av nettverkssamlingane, og er kun for dei som har rolle som prosjektleder. Desse samlingane har ført til fleire konkrete samarbeid mellom andre regionar – først Lillehammer-regionen som kobla Vest-Telemark til Østlandsforsking og piloten med klyngenettverk for entreprenørskap i skulen, og nå har vi fått kontakt med Fosen regionen som ynskjer å dele pilotarbeid for å bli ein «næringsvenleg region» gjennom verktøyet NVR som Innovasjon Norge har utvikla.

Denne samlinga fekk Vest-Telemark også utfordringa med å dele nokon erfaringar.

«Korleis ta rolla som prosjektleiar i staden for sekretær»

 

 

 

 

Back To Top