skip to Main Content

Arbeidet med rapporten knytt til eit mogleg meir forpliktande interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark knytt til næring – reiseliv er godt i gong.

Gjennongong

Møtet vart nytta for å kvalitetssikre fakta-opplysningar, og gje innspel til EY før ferdig rapport føreligg.

Skal arbeidsgruppa lage ei eige tilråding?

Trine Riis Groven melder at fleire har meint at arbeidsgruppa ikkje bør lage eiga tilråding knytt til rapporten før dei sender den til styringsgruppa. Dette var oppe til diskusjon i møtet.

Konklusjon: arbeidsgruppa vil fylgje opp bestillinga – at leveransen er slik den vart bestilt. Eventuelt vil arbeidsgruppa kommentere rapporten når den sendast til styringsgruppa.

Framdriftsplan

Framover skal arbeidsgruppa sende rapporten til styringsgruppa, og seinare skal saka opp til orientering i Vest-Telemarktinget 25. april. Alle rapportane skal sendast til endeleg handsaming i kommunane, då etter at også lokaliseringsutvalet med ordførerane har uttala seg om aktuelle spørsmål knytt til lokalisering.

Tiltak Ansvar Start Slutt
Gjennomføring av tiltak PL 20.12.2016 01.04.2017
Møte i arbeidsgruppa, minikonkurranse Leiar i arb.gr. 06.01.2017
Frist for levering av tilbod Leveranørar m/rammeavtale 17.01.2017
Møte i arbeidsgruppa, val av leverandør Leiar i arb.gr. 24.01.2017
Oppstartsmøte Leiar i arb.gr. 30.01.2017
Fokusintervju Leveranør 27.02.2017 28.02.2017
Avklaring av leveransen – arbeidsgruppa Leveranør 14.03.2017
Ferdig sluttrapport frå konsulent Leveranør 27.03.2017
Sluttrapport, konklusjon/anbefaling sendast til styringsgruppa 05.04.2017
Orientering i VT Tinget PA 25.04.2017
Handsaming i kommunestyra Styringsgruppa 01.07.2017
Iverksetting av vedtekne samarbeid 31.12.2017

 


 

Back To Top