Hotell  Dalen  2

Storsamling 19. – 20. april – på Dalen Hotell

Om ByR i Vest-Telemark

Utviklingsprogrammet «ByR i Vest-Telemark» starta opp i 2015, med bakgrunn i utviklinga av næringshagemiljø i sentrumsområda til alle kommunane i regionen. Det dreier seg om å arbeide med samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og regionen. Prosjektet skal bidra til ei kopling mellom regionens omland og sentrumsstruktur.

Programmet har ei ekstern finansiering frå KMD på 2,6 millionar, der Tokke søkar-kommune.

Meir informasjon er å finne på vt-radet.no/prosjekt.

Bakgrunn for storsamlinga

Det er mange innvolverte i arbeidet, og vi har planlagt å møte der «alle» er samla for å sjå resultatet etter to års innsats, og samstundes sjå på om det er område vi bør sette spesiell fokus på den siste tida før programmet vert avslutta i slutten av 2017.

Todelt samling

Vi deler storsamlinga i to delar:

Fyrste del – 19. april: ordførerane og rådmenn saman med styringsgruppa, arbeidsgruppene, leverandørar og andre som har vore knytta direkte til arbeidet så langt.

Andre del – 20. april: styringsgruppa, arbeidsgruppene og leverandørane.

Mål med samlinga er å ta «ein fot i bakken», og samtidig sette kursen for arbeidet fram til mål.

Ordførerar og rådmenn

Ordførerane og rådmennene er invitert 19. april frå kl 12:00-16:00. Samlinga starter med lunsj.

Påmelding

Påmelding til samlinga er for dei som skal overnatte. Klikk på lenka og fyll inn skjema her: https://goo.gl/forms/iNCwA3jnzkvWuHzf1

Program

Last ned Program 19. – 20. april med førebels deltakerliste.