skip to Main Content

Yrkesmessa og konferansen – arm-i-arm

Folksam yrkesmesse 2017

Vanlegvis er Yrkesmessa og Vest-Telemarkkonferansen same dag, men i år prøva vi ut å ha desse to ulike dagar. Det vil alltid være ei tett knytting mellom konferansen og yrkesmessa på Dalen, som visstnok skal være den største i sitt slag i Telemark.

Yrkesmessa – med mange bidragsyterar

Ansvarleg for yrkesmessa, Siv Reidun Eide melder om tilbakemelingar etter årets yrkesmesse:

Me har fått mykje positive tilbakemeldingar både på foredraga og for stands og opplegget rundt yrkesmessa. Det er me særs glade for, og eg sender med dette vidare alle gode ord om messa til alle saman. Me er eit stort og godt team, som til saman gir ungdomane i Vest-Telemark eit godt bilete på jobb og utdanning.

-Siv Reidun Eide, Ansvarleg for yrkesmessa / Studieleiar 

Samarbeid og nettverk

Rektor Tove Palmork Haavelmoen og regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes

Vest-Telemarkrådet har i mange år samarbeida med Vest-Telemark vgs. om yrkesmessa – så også i 2017. Det er ein flott møtestad for både privat næringsverksemd, kommunane med elevane frå grunnskulen, og fylkeskommunen ved den videregåande skulen.

Kommunen har ansvar for grunnskulen, og fylkeskommunen for den videregåande skulen. Det er etablert ei nettverksgruppe med Vest-Telemarkkommunane og næringslivsaktørar saman med den videregåande skulen i regionen, for å samarbeide i nettverk for eit godt utdanningstilbod i regionen vår.

Attraktiv utstillingsvindauge

Elevane frå regionen skal ha gode alternativ til videregåande skule, så på yrkesmessa er det også andre skular representert med stands. I år fann vi mellom anna desse:

 

Program 2017

 

 

Ordførar i Tokke kommune, Jarand Felland

Veslebladet rapporterar

Vest-Telemarkblad v/Tone Tveit skreiv eit flott innlegg frå yrkesmessa. Innlegget kan du finne i arkivet på vtb.no

VTB-faksimile_3.02.2017
Back To Top