skip to Main Content

Vi skriv januar 2017 og det fyrste innlegget vårt i år er knytt til rettleiingstenesta for nyetablerarar.

Det er no signert avtale med Telemark Næringshage om leveranse av etablererveiledning for 2017. Dette er i tråd med ynskje frå kommunane om ei endring der næringshagemiljøa vert knytt til dette framover. Avtala gjeld frå 1. januar.

 

Ynskjer du kontakt?

Epost: etablerar@telemarknh.no

Telefon: 35 90 11 90

Etablerertenesta i Telemark Næringshage:  Helena Gjersund, Thomas Berstad og Svein Foldøy

 

 

 

Signering av avtale med Telemark Næringshage for etablarerrettleiing i 2017.

I avtala er det mellom anna fylgjande ramme:

  • Tenesta skal leverast med grunnlag i ”løysingsforslag for etablerertenesta i Vest-Telemark” datert 5. desember. Denne takast opp i næringskolegiet i Vest-Telemark for eventuelle innspel og tilpassingar.
  • Økonomi: budsjett i Vest-Telemarkrådet med ei ramme på 450.000,- eks. mva
  • Varighet:  1. Januar 2017 til 31.12.2017.

Vi ser fram til å samarbeide med Telemark Næringshage, og håper dette vil bidra til ei positiv utvikling i Vest-Telemark i 2017.

 

 

 

 

Skriven av: Ole Dalen, utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet

Back To Top