skip to Main Content

Invitasjon til møte om nærpolitireformen

 

Vest-Telemarkrådet har med dette gleda av å invitere kommunestyre-representantane i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje til møte om nærpolitireformen.

 

Stad:       Quality Straand Hotel, Vrådal

Dato:      Tysdag 18. oktober 2016

Kl.slett:   13.00   (Vi inviterer til felles lunsj kl 12.00)

 

Til møtet 18. oktober har vi også invitert politimeisteren i Sør-Øst politidistrikt, Christine Fossen, som vil orientere nærare frå ein fersk rapport om nærpolitireformen og den nye organiseringa.

 

Til grunn for invitasjonen ligg vedtak i Vest-Telemarkrådet 23. august 2016 gjeldande sak om nærpolitireformen:

I samband med framlegging av ein komande rapport, blir neste rådsmøte flytta frå 

  1. oktober til 18. oktober. Vest-Telemarkrådet vil då invitere kommunestyrepresentantane i dei 

6 kommunane til ei breid drøfting omkring saken, der også politimeisteren vert invitert for å informere nærare.

 

Som bakgrunnsmateriale legg vi ved politiets invitasjonar til ordførar og rådmann i dei ulike kommunane. Vi nemner at regionordførar Erik Skjervagen og regionvaraordførar JonRikard Kleven er valt som representantar i styringsgruppa frå vår region.

 

Politiet viser til at Stortinget har lagt fylgjande føringar for den lokale tenestestrukturen:

Det skal utvikles et kompetent og effektivt lokalt politi, som er der lokalbefolkningen er.

Lokal tjenestestedstruktur skal legge til rette for et nærpoliti som er operativt og synlig, med kapasitet til å forebygge, etterforske og påtale kriminelle handlinger.

 

Vi ynskjer vel møtt i Vrådal 18. oktober og ser gjerne at dei som skal delta gir eit signal på e-post:

kgh@vest-telemark.no eller på mobil: 415 52 775.

 

Venleg helsing

Vest-Telemarkrådet

 

Erik Skjervagen, Regionordførar

Kjell Gunnar Heggenes, Regionrådsleiar

 

Dokument og informasjon knytt til møtet finn de her:

Meir informasjon om nærpolitireformen finn de på politiets nettside:

https://www.politi.no  (endring av politiets lokale organisering)

 

På avstand

Lendsmannen i Vinje fekk klage frå brannmann Olav Ringhus i form av ein vakker sang med melodi frå Ingebjørg Brattland sin sog «på avstand».

Kjell Gunnar Heggenes framføringa på film.

Tekst: Olav Ringhus, brannmann i Vinje

Melodi: Ingebjørg Brattland

Vokal: Marie , lendsmann i Nissedal

Gitar: Trond Neri Flåthyl, lendsmann i Vinje

På avstand 

På avstand er politiet helst

Ja jamt når me treng dei som mest

På avstand der er dei helst kvar dag

å det er ei godt kjende sak

På avstand er politiet helst

å ingen grensur der

Men våpen det hev’ dei om dei kjem

men det er ‘kje ofte det.

Ref:

På avstand det seie Homlesnurr

I Vest-Telemark er det trygt nok

Ja dei som bur der 

Dei er sjavhjelpte

ja dei fær greie seg

Vers + ref.:

Ja dei som bur der 

Ja dei er sjavhjelpte

Ja dei der greie seg, på avstand

Ser du stripene

Ser du stjernene

Dei er svalare – på avstand

Ser du blåljosa

Høyrast sirenene

Nei, ikkje det nei – grunna avstand…

 

Back To Top