skip to Main Content
Helena Gjersund, prosjektleiar i Telemark Næringshage har jobba fram justert framdriftsplan og prosjektskisse for arbeidsgruppe 5.
Her er informasjonen som gjekk ut til arbeidsgruppa:
Hei arbeidsgruppe 5, som avtalt på førre arbeidsgruppemøte har eg oppdatert prosjektskissa, det er gjort nokre små endringar i den: 
  • Eg har fått inn Vest-Telemark konferansen som eit eige punkt under tiltak 1.
  • Eg har også flytta informasjonen om at me må ha eit meir heilskapleg tilbod til næringslivet og meir effektiv bruk av ressursane frå tiltak 2 til tiltak 1.
  • Under tiltak 3 er det spesifisert at dei digitale kanalane skal samanfatte aktivitetane frå tiltak 1 og 4.
  • Oppdatert framdriftsplan med forventa start på tiltak 1 og 3.
Ramma for arbeidspakke 5 er redusert frå 600 000,- til 350 000,- – dette betyr at me er nøydde til å redusere aktivitetsnivået frå den første prosjektskissa til å passe til den nye ramma. Dette vil eg utfordre arbeidsgruppa på og høyre kva de tenkjer. Slik det er lagt opp til i dag er det særskilt tiltak 3 som er vanskeleg å gjennomføre med ramma som er sett. Det står i prosjektskissa at det skal etableres ei merkevare og etableres digitale arenaer, dette er kostbare prosessar som moglegvis vil krevje ekstern kompetanse. Om de har moglegheit til å drøfte dette i møtet så kan eg oppdatere prosjektskissa i etterkant.
 
Når det gjeld rapportering til arbeidsgruppa har eg laga eit rapporteringsark som eg tenkjer det kan vere fornuftig og sende ut før kvart arbeidsgruppemøte, der er aktivitetane i dei ulike tiltaka skrive som eigne punkt og det er enkelt å sjå kvar me ligg ann i arbeidet – eg tenkjer at dette er ein enkel og lite tidkrevjande måte å oppdatere dykk i forkant av kvart møte så de kan ha litt bakgrunnsinformasjon til diskusjonane. Rapporteringarket ligg vedlagt og det er fint om eg kan få ei tilbakemelding frå dykk på fredag om dette er ein god måte for dykk å bli oppdatert på. Er sjølvsagt open for innspel.
 
I møtet på fredag skal me presentere funn frå tiltak 2. Kristin Vedum vil difor også delta på møtet då ho har utført kartlegginga i tiltak 2 som er gjort så langt. Det har også dukka opp ein del spørsmål og problemstillingar me vil presentere å få dykkar synspunkt på før me gjeng vidare med arbeidet.
Dokumenta kan du laste ned her:
Back To Top