skip to Main Content
Per Dehli, Prosjektleiar For Kommunereformen I Telemark

I rådmannsmøte 9. september 2016 orienterte prosjektleiar Per Dehli om Fylkesmannens tilråding i samband med den vidare kommunestrukturen.

Han gjorde kjent at Fylkesmannen ikkje tilrår samanslåing i Vest-Telemark på bakgrunn av kommunanes klåre vedtak om å seie nei til samanslåing.

På bakgrunn av utgreiingane frå ekspertutvalet peika likevel PerDehli på at det på lengre sikt kan bli utfordrande for kommunane å stå åleine

 

Undervegs i prosessen har Fylkesmannen også sett på andre moglege konstellasjonar, men kan ikkje sjå at desse er aktuelle.

Det er også uvisst om det vil kome ei fase 2 i samband med kommunereformen, og at dette avheng av komande regjeringar.

 

Vest-Telemarkrådet har handsama sluttrapport for prosjektarbeidet, og denne var oppe i rådsmøte 23. august. Sluttrapporten finn du her.

 

 

Back To Top