skip to Main Content
Tarjai Gjeldstad, Ordførar I Kviteseid Møter Folk På Rådhusplassen I Oslo

Det vart bestemt i ByR WP. 4 at Vest-Telemark skulle stille med stand under arrangementet Hopp i Høyet – ein stand kor me ville formidle det gode livet i regionen,  samt moglegheiter for jobb og bustadalternativ. Vel utstyrte med kreativt standmateriell, utarbeida av Kristin Person og Kjersti Kaasa, sette me kursen mot Oslo. Med oss til Tigerstaden var web-utviklar Arnstein Berg

Arnstein Berg, utviklar frå Kviteseid
Arnstein Berg, utviklar frå Kviteseid

frå Telemark-Næringshage. Han representerte næringslivet i regionen, og som heimflyttar til Kviteseid hadde han mykje erfaring å dele med dei som oppsøkte standen. Det same gjaldt Iselin Rud, utflytta Kviteseiding nett ferdig med masterstudiar på Ås, og  klar for å flytte attende til heimbygda. Me var så heldige at me og fekk med oss både ordføraren i Kviteseid og Seljord. Førstnemnte nytta høvet til å demonstrere korleis ein lagar ski og bindingar på gamalt vis  – ein aktivitet som  skapte merksemd rundt standen.  Elles hadde Elisabeth Lid, Asbjørn Storrusten og Lill Susan Vale jobben med å planlegge og gjennomføre eventen.

Kort oppsummert:  det var ein STRÅLANDE dag! J Rådhusplassen bada i sol, og med folk og fe så langt auge kunne sjå vart det ein skikkeleg mini-Dyrsku! Så all honnør til Dyrsku´n for eit utruleg bra arrangement! På Vest-Telemark standen hadde me pågang frå folk frå me opna kl. 10 (då stod det faktisk kø på utsida av inngjerdinga!) til me pakka saman litt over kl. 18. Om ikkje det var hordar av potensiell arbeidskraft og tilflyttarar me prata med denne dagen, så vart me heilt klart lagt merke til! Standnaboane – VisitTelemark – måtte sjå seg slått av oss i vest kva pågang gjaldtJJ Då må me kanskje og nemne at me har fylt opp halve Oslo sin befolkning med kviteseidsmør, flatbrød og tyttebærrømme frå Skreppa.

 

Tarjai Gjeldstad, ordførar i Kviteseid møter folk på Rådhusplassen i Oslo
Stand på Rådhusplassen i Seljord

Konklusjon: ein morosam og travel dag med TOPP synlegheit på eit flott arrangement…..og smaksprøvar på stand funkar VELDIG bra!

Tekst og bilete: Lill Susan Rogli Vale

Lagre

Back To Top