skip to Main Content

I møte 4. januar 2016 fekk styringsgruppa overlevert rapporten: «Kommunestruktur i Vest-Telemark».

I ein omfattande og grundig rapport har Telemarksforsking greidd ut fylgjande alternativ:

  • Samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal
  • Samanslåïng av Fyresdal og Tokke
  • Samanslåing av Tokke og Vinje
  • Vidareføring av dagens struktur med meir forpliktande samarbeid

Vinje kommune har undervegs i prosessen fatta vedtak at dei ikkje ynskjer å gå vidare i ein samanslåingsprosess, noko som inneber at ei samanslåing av Tokke og Vinje ikkje lenger er eit reelt alternativ.

Rapporten peikar på at alle kommunane i Vest-Telemark må karakteriserast som små og sårbare, og at ei mogleg kommunesamanslåing vil kunne medføre større og sterkare fagmiljø, og dermed lettare å rekruttere fagkompetanse og drive utviklingsarbeid.
På den andre sida peikar rapporten på at det i kommunane er ei frykt for at samanslåing kan føre til auka sentralisering, og at ei samanslåing er lite attraktiv dersom ein ser føre seg at resultatet fører til at ein kommune veks på kostnad av dei andre.
For å motverke dette blir det peika på på at intensjonsavtalene må søkje å synleggjera korleis ein saman kan stå sterkare i konkurransen mot omverda, og at dette må kome heile kommunen til gode.
Vidare at den største utfordringa ikkje er å kapre innbyggjarar og arbeidsplassar frå kvarandre, men å motverke sentraliseringa inn mot dei store byane.

Det går fram at dei mest aktuelle samanslåingsalternativa er Seljord – Kviteseid – Nissedal og Fyresdal – Tokke medan Vinje held fram som eigen kommune.
Med ein slik kommunestruktur vil det framleis vera behov for eit betydeleg interkommunalt samarbeid, men at dette blir noko redusert sidan føresetnadene for å handtere oppgåver på eiga hand vil auke.

Eitt av alternativa er å vidareføre dagens kommunestruktur med meir forpliktande samarbeid.
Av ei spørjegransking Telemarksforsking har gjennomført, går det fram at eit fleirtal av respondentane foretrekker dette alternativet framfor ei kommunesamanslåing.
På dette er det rett nok noko ulikt syn i dei enkelte kommunane.
Rapporten viser til at det kan vera aktuelt å samarbeide innafor 30 – 40 ulike samarbeidsområde men at det er ein del utfordringar knytt til dette.
Dersom det blir ei betydeleg auke i det interkommunale samarbeidet, vil det vera behov for å etablere eit betre system for politisk oppfylgjing, styring og kontroll.
Politikarrollene vil også bli endra frå forvaltningsstyring og meir over mot eigarstyring. Tilrådinga er då at kommunane gjennom eigarskapsmeldingar utviklar ein politikk med tydelege eigarskapsstrategiar for aktiv politisk styring og kontroll.

Saman med aktuelle forslag til intensjonsavtaler vil rapporten ligge til grunn for politisk handsaming i kommunane i nær framtid.

Lenke til rapporten finn du her: Kommunestruktur Vest-Telemark

Back To Top