skip to Main Content

Styringsgruppa i ByR Vest-Telemark vil gjennomføre tri ulike direkteanskaffingar for å jobbe med fylgjande:

Rapport til «arbeidspakke 1»: 

Kartlegge dagens miljø og aktørar, og dei ulike arbeidsoppgåvene som må løysast av aktørane, byggselskap (eigar), driftselskap (dagleg drift) næringshageselskap (innhaldsselskapet) m/SWOT-analyse. Peke på svakheter og styrker med måten det er organisert på.

Forespurt aktør: Vest-Telemark Næringshage (VTNH)

2015-11-24 14.38.55

Rapport til «arbeidspakke 2»:

Kartlegging. Ein må mellom anna sjå på personalressursar i næringshagane, kva tilbod dei har, kva som kan styrkast og kva ein har godt dekt inn. Ein skal avdekke om der er dobbeltarbeid og om det er andre i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt miljø som jobbar dobbelt. Ein skal også undersøke om det er private aktørar som ein bør forholde seg til i vidare samarbeid mellom næringshagane.

Skal vurdere rolla til etablererkontoret og korleis næringshagane og kommunane  handterer ”førstelinetenesta” for nyetableringar og henvendingar frå publikum (utanfrå det etablerte samarbeidet).

Forepurt aktør: Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU)

Rapport til «arbeidspakke 3»:

Komparative fortrinn; Kartlegge fortrinna, spesialitetar og særtrekk til næringsmiljøet i den enkelte kommune, korleis dette kan nyttast inn i arbeidet i dei ulike næringshagane, og skape felles forståing for samspelet i regionen.

Grunngjeving for direkteanskaffinga – med hensikt om å innfri lov om offentleg anskaffelser:

Den førespurte aktøren har ei nøkkelrolle for å oppnå effekt av samarbeidsprosjektet som gjennomfører anskaffelsen. Anskaffinga er på under 100.000,- eks mva og iht dei nye reglane i forskrifta 1-3(2)l vart det ikkje førespurt andre aktørar. Oppdragsgjevar er trygg på at det er ein svært dyktig leverandør av slike tenester, og at ein på ingen måte er tent med å spørje andre i denne anskaffinga.

Forespurt aktør: Vest-Telemark Næringsforum (VTNF)

Dokumentet med forespurnaden ligg under dokumenter i bloggen, eller klikk her for å laste den ned.

Back To Top