Vest-Telemarkrådet

Samferdsel/veg er hovudtema på rådsmøtet på Haukeliseter  2. – 3. juni 2010.

Vest-Telemarkrådet har invitert representantar frå Fylkesmannen, Statens vegvesen, Telemark fylkeskommune, Odda kommune, Hardangervegen AS, Vest-Telemark Næringsforum og AS Haukelivegen for nærare orienteringar og drøftingar om ei rekkje vegsaker.

Vidare skal Rådet handsame forslag til Strategisk næringsplan 2010 – 2013 for Vest-Telemark og ein vil også drøfte innspel til regional plan for reiseliv og regional plan for nyskaping/næringsutvikling.

Møtet er lagt opp med overnatting på Haukeliseter og pilegrimsvandring frå Svandalsflona til Røldal neste dag. 
 

Møte i Vest-Telemarktinget 15. juni

Møtet finn stad på Quality Straand Hotel i Vrådal kl. 13.00 og er kombinert med fylkesmannens sommarkonferanse der dag 2 av konferansen inngår som fagleg del av tingmøtet.

Vest-Telemarktinget handsamar i tillegg til dei ordinære sakene også forslag til strategisk næringsplan 2010 – 2013. 

Finn saksdokumenta her:




Arkiv